En tidligere kunde bytta bolig, og ønskte hjelp fra C:Line i sitt nye hus. Huset er fra 70 talet, og vi prøvde å ta vare på litt av den originale stilen med ein ny vri. Trappa vart fornya med eik i trinn og eikefiner i trapperommet. Ellers har Steinar i Interiørhelhet AS produsert fleire av innredningane i huset.
Takk for nok ett spennnde oppdrag!
FOTO: Tommy Rasmussen @tommyu2
Huset har eit arkitektonisk særpreg, med bruk av thermofuru på kledning og svarte vindusomrammningar.
I interiøret valde vi å bruke endel bjørkefiner ilag med lyse overflater og svarte vindusrammer, for at innside og utside skulle stå i stil til kvarandre. Vindua går heilt til gulv og gir eit luftig og lyst rom. Kjøkkenet er rommets midtpunkt, det deler rommet inn i soner - og gir oss naturlige møbleringspunkt uten fysiske vegger. Den fine overgangen mellom flat himling i bakkant og skråtak blir forsterka ved å bruke kryssfiner i heile sona med flatt tak. Det gir og ei lun stemning og ektheit i sofa/Tv kroken og ei særeigen ommramming i trapperommet.
Familien ynskte eit lyst og trivelig hus - med bruk av ekte materialer. Vi har derfor valgt lyse grå toner på vegger - men og fått leike oss litt med både blå og grønne fargesammensetninger på soverom, gang og kjellerstue. Det skaper spenning og variasjon i opphaldsrom.
FOTO: Tommy Rasmussen
SOFA: Everest frå BRUNSTAD PALL: Boy frå LK HJELLE
STOL: Peel av Olav Eldøy
SOFA: HAL frå LKHJELLE
Thermofuru frå Moelven
Hytta har eit moderne og særeige arkitektoniksk uttrykk, dette ville vi forme i interiøret også.
Kombinasjonen mellom store opne rom og mindre rom kan vi forsterke ved å bruke ulike valører i fargesetting.
Ønsket om ei grålig fjellhytte blir ivaretatt, og harmonisert ved å bruke ulike valører av en gråtone. Tanken er at overgangane blir saumlause, men nyansane skaper spenning og kontrast.
Hovudelementa i interiøret er tre, stein og mur. Ved å velge ekte og røffe material, vil en skape hyttepreg og vakre varige rom.
Hytta vil framstå som harmonisk, spennande og stemningsfull.
Takk for prosjektet!
FOTO: Tommy Rasmussen
Kunden kontakta C:LINE med eit ønske om å skape eit opphaldsrom som kunne gjenspegle og harmonisere med husets arkitektur, samtida og framtida.
Opphaldsrommet blei tilpassa med eit heilheitleg og tidsriktig interiør, der dei største endringane blei modernisering og ombygging av peisen. Peisen blei rommets naturlege samlingspunkt, samtidig som at ein fekk inn ei funksjonell spisestue og ein tilbaketrekt sofakrok med utsikt til både natur og mediehjørne. Linjene blei avslutta med ein stemningsfull og lun lesekrok mot store vindauge med utsikt til fantastiske Sunnmørsfjell.
Produktdesign
TREet Knaggsystem
C:Line Pynteputer
Foto: Tommy Rasmussen
Huset vart ombygd frå eit gamalt gardshus til eit moderne funkisprega hus. Materialvalg og fargar svarer kundens ønske om eit tidlaust og varig hus. Det er tatt utgangspunkt i huset sitt arkitektoniske uttrykk, og element frå eksteriøret er brakt inn i interiøret i form av mur og treverk. Dette skaper sammenheng mellom ute og inne, og gir interiøret meir spenning og variasjon.
SPESIALINNREDNINGER
Baderomsinnredning med opne hyller og innfelt lys over speil.
Soverom, gavlvegg med bilde og belysning
PRODUKTDESIGN
GRABB knaggrekke
FOTO
Tommy Rasmussen
Utgangspunktet var eit råloft som kunden ønskte at skulle romme oppbevaring, overnattingsplass, tv stue, hyller, systue og yogasone.
Perfekt utfordring! Her har vi tegna spesialinnredning i kryssfiner i kvar knevegg som rommer ulike oppbevaringsmuligheter og ei utskyvbar dobbeltseng under takvindu. Innfelt sybord som kun tek plass i rommet ved bruk. Egen hylle til oppbevaring av sysaker/ spel / bøker ol. Spesialtilpassa sofa med oppbevaring .
SPESIALINNREDNING
Skyvedørsoppbevaring, skuffer, bord og seng i kryssfiner. Produsert av Olerud Male og Snekkerverksted på Lunner.
Sofa med oppbevaring, Kasser produsert av C:Line . Puter produsert av Jarnes Møbler AS i Sykkylven
C: LINE PRODUKTDESIGN
Vegglampe i eik. Up and Downlight
FOTO
Lovise Drotninghaug
Insoft Norge sine lokaler var mørke og lite praktiske for deira bruk. Dei ønskte nye lokaler som stod i stil til tid, bruk og behov.
Lokala fekk ny utforming som ivaretok og synlegjorde Insoft sin profil, og som skapte rom for ansatte og besøkande med fokus på trivsel. Dei fekk eigendesigna Insoftsofa, som nyttast til lunsj kvar dag, og til loungeavdeling ved konferanser. Fleire ansatte er nytatar og brukarar av Sunnmørsnaturen, det gav grunnlaget for valg av veggpryd.
PRODUKTDESIGN
Flyttbar sofa, tegna av C:Line, produsert av Byggmøbler og Jarnes Møbler AS.
FOTO I LOKALER
Per Magne Drotninghaug
FOTO
Tommy Rssmussen
Stockholmsmessa 2013
C:Line var med å tegne og utvikle tre stander på messa.
Furnia, Kleppe og Handelsservice.
Dei tre standane skulle ha paraleller til kvarandre for å vise eit samarbeid mellom aktørane. Hovudidèen som er presentert her, bygde på ønsket om å sette betrakteren i ei stemning. Møblane som vart utstilt på messa skulle forsvinne inn i skogen til fest eller til konferanse. Borda på messestanden hadde desse bilda i bakgrunnen, og vart en forlengelse av bildet.
FOTO Tommy Rasmussen
C:LINE CAROLINE HARSTAD I +47 92617697 I HOFFSVEIEN 21/23 0275 OSLO I CAROLINE@C-LINE.NO