C:Line utfører oppdrag innan interiørarkitektur, produkt- og møbeldesign for private, bedrifter og det offentlege. 

Alle kundar er ulike og vi etterstreber å finne gode, spennande og tidlause løysingar tilpassa kvar einskild kunde – løysingar som ein skal trivast i.

Derfor er dine ønsker og behov vårt utgangspunkt. Med fagleg tyngde, eit brennande engasjement, leikenheit og eit nysgjerrig blikk utviklar vi velegna og varige løysingar. Både med tanke på design, kvalitet, formspråk og miljø. Slik skapar vi saman rom for trivsel og gode opplevelsar. 

C:Line utfører alt frå planlegging til prosjektering og produksjonstilrettelegging. Vi har eit stort nettverk av erfarne leverandørar innan blant anna tre, stål og tekstil. Det gir deg som kunde moglegheit til å få produsert speisalinnreiingar i ulike materiale. Alle våre leverandørar er kvalitetsbeviste, har lang erfaring, ein unik materialkunnskap og maskinpark. 

Ikkje alle møblar treng å speisaldesignast. Vi har god erfaring, oversikt og kjennskap til møbelprodusentar i alle kategoriar og prisklasser. Så har du behov for møblering og interiørtips kan vi hjelpe deg med det også.