Caroline Harstad (f. 1982) er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar frå Kunsthøgskulen i Bergen. Ho er født og oppvaksen i møbelbygda Sykkylven og har sterke røter til eit innovativt møbelmiljø med stolte handverkstradisjonar og moderne design. 

Caroline er opptatt av å utvikle varige løysingar. Løysingar som er tufta på norsk kvalitet, god design og materialkunnskap. Ho har ei moderne tilnærming til tradisjonelt handverk og ser moglegheiter i materialet. I tillegg er miljøomsynet viktig. Caroline er glad i naturen og hentar mykje inspirasjon frå Sunnmørske fjell og fjordar.

C:Line har erfaring frå interiørarkitektur, møbel- og produktdesign og utfører oppdrag frå private og bedrifter.

Embed Block
Add an embed URL or code. Learn more